Home » Europe » Anmeldelse av Det Nye Babylon: Frå biskop Eivind Berggrav til Hanne Nabintu Herland – analyse av hvordan Vesten ble svekket, Finn Jarle Sæle, Norge Idag
Anmeldelse av Det Nye Babylon: Frå biskop Eivind Berggrav til Hanne Nabintu Herland – analyse av hvordan Vesten ble svekket, Finn Jarle Sæle, Norge Idag

Anmeldelse av Det Nye Babylon: Frå biskop Eivind Berggrav til Hanne Nabintu Herland – analyse av hvordan Vesten ble svekket, Finn Jarle Sæle, Norge Idag

Share the article

Anmeldelse av “Det nye Babylon”: “Herland si bok siterer alt som norsk akademia ikkje vil ta opp. No har vi ei ny bok å lese som tar opp alle de ideologiske problema med presis analyse, «Babylon. Hvordan Vesten mistet sin storhet».

Herland er vår beste guide i ideologisk krigføring.

Følelsane sitt evangelium skal vi ikkje forakte. Men kjensler legg ikkje mektige festningsverk i grus, så Kristus kan innta landet. Bibelen er litt annleis enn vi trur i dag. For vi lever i følelsanes tidsalder.

Men for ei hjelp vi kan ha av den nye boka «Babylon. Hvordan Vesten mistet sin storhet», av Hanne Nabintu Herland, skriver redaktør Finn Jarle Sæle i denne anmeldelsen av boken Det nye Babylon, omtalt på TV2 og i en rekke medier.

Kva tradisjon skal vi plassere denne boka i, som gjev oss innblikk i verda og ideologiane rundt oss på ei så framifrå måte, og kallar til frimodig kamp i akademia, i media og politikk? Vi trur vi vil knytte tråden tilbake til kyrkjekampens leiar under krigen, biskop Eivind Berggrav.

Han mana til å innta den same fronten: Kampen mot ideologiane, tankebygningane. Over alt står -ismene i dag, oppmarsjert for å ta knekken på kristentrua.

No har vi ei ny bok å lese som tar opp alle desse ideologiske problema med presis analyse, «Babylon. Hvordan Vesten mistet sin storhet». Herland si bok siterer alt som norsk akademia ikkje vil ta opp.

 

Millions watch Herland Report TV. Subscribe:

Klikk på bildet og kjøp boken!

Biskop Eivind Berggrav sende under krigen ut vedkjenningsskriftet mot nazismen og fascismen, «Kirkens Grunn». Då krigen var over sa biskop Berggrav, kyrkjekampens leiar: Kampen er ikkje over. Velferdsstaten kan bli totalitær.

Ingen tok det alvorleg. Berggravs testament til den norske kyrkja, boka «Staten og Mennesket», vart ikkje aktuell igjen før Kåre Kristiansen las den.

KK tenkte grundig over den. Han ringte også oss. Omsider vart vi vekt for denne analysen til Berggrav, takka vere KK. Boka bør i dag gjevast ut på ny. For vi er midt i den kamp biskop Berggrav såg kome – etter krigen.

Norge IDAG er eit organ for denne kjempande kyrkja. Delar av kyrkja trur at den ekspansive nyideologiske staten er ein idyll og ikkje ein potensiell vulkan, ideologisk sett.

Berggrav skreiv og tala lenge før ein hadde høyrt om altomfattande barnevern, som vil ha oppseding utan far og mor, før paragrafar om hatkriminalitet hadde snike seg inn i skriv og reglar og kan føre til fascistisk kontroll over forkynninga. Det er ikkje utan likskap med første gongen dei totalitære banka på døra.

Alt Berggrav sa, har gått i oppfylling. Han tok ikkje feil i nokon profetiske utsagn. Like klart som Norge sin fremste biskop såg under krigen – såg han situasjonen etter krigen.

Derfor er Berggrav ein av våre fire B-ar som vi skal reise byste av. Det kan bety mykje med ein årleg apologetikk-dag for Berggrav, Berg, Bonhoeffer og Barratt. Den norske vekkinga treng som aldri før inspirasjonen frå desse fire B-ar.

Kva har skjedd som gav biskop Berggrav rett? Svaret er dette:
– Tar du bort det ufødte barns rett til liv og individets utstrakte sjølvstende i forhold til kollektivet, har du forandra den gode kristne velferdsstaten til ein ideal-fascistisk korporativ stat, som snart kan bli farleg.

Herland i samtale med Ola Tunander, research professor emeritus ved PRIO. Klikk p[ bildet og se programmet.

Fascisme og sosialisme prøver venstrevridde akademia å forfekte som motsetningar. Kan hende dei blei det ut i krigens gang. Men dei er idehistorisk to greiner på sosialismens store tre. Alle leiande fascistar var også raude sosialistar. Utan unntak. Slik såg dei seg sjølve. Det viser Dinesh D’Souza i boka The Big Lie.

Sosialismen som er stats-perversjonen av evangeliet, er ikkje utan gode sider. Men den er dessverre ansvarleg til no for 100 millionar døde rundt om i verda – på 100 år.

Det er oppsummert i «Kommunismens Svartebok», utgjeven av europeiske intellektuelle. Men ikkje omsett til norsk, der venstrevridde forlag råder.

Tar ein med fosterdrap, blir det 100 millionar til i tapte menneskeliv, av dei minste av dei små og dei svakaste av dei svake.

No har vi ei ny bok å lese som tar opp alle desse ideologiske problema med presis analyse, «Babylon. Hvordan Vesten mistet sin storhet». Herland si bok siterer alt som norsk akademia ikkje vil ta opp.

Det skurrar nok i øyro på dei raude feministar at heile kyrkja i gamal tid, frå første stund, akkurat som jødedommen, den andre bibelske religionen, kalla abort for «det store mord». Respekten for livsrett og menneskeverd er ei kristen sak – og utenkjeleg i Marx sin sosialisme.

I kampen for dei veike skulle kristendom og sosialisme stå saman. Men då sosialdemokratiet valde Marx og Frankfurtarskulens premiss i 1968, kom ein lenger får kvarandre enn på lenge.

The Herland Report nyhetssiden og Herland Report TV (HTV) når millioner årlig og tar tverrpolitisk opp tema knyttet til utenrikspolitikk, kultur, religion, Midtøsten og et Europa i forfall sett fra et annerledes perspektiv, fritt for politisk korrekthet. Vi har stor tro på et samfunn som tillater ytringsfrihet og arbeider i et vidtrekkende internasjonalt nettverk og leverer nasjonale og internasjonale artikler og intervjuer med ledende fritenkere, intellektuelle, forfattere, aktivister og andre. Her med Dr. Mohammed Usman Rana.

Dersom både den raude og den blå sida i KrF som i ein lang, og flott ført debatt, som vi fulgte på tv, hadde lest denne boka frå Proklamedia – hadde partiet hatt fleire innslag av ideologisk tenkjing. For midt i alt som var bra i debatten, og som begge sider kan vere stolte av, glimra den ideologiske forståinga med sitt fråvær.

Får dei Hanne Nabintu Herland si bok til jul, og les og forstår den, i den glade julenatt, blir Jesus fødd i tanke og i sinn, slik som Paulus, Europas grunnleggar, ser det for seg i 2. Kor 10:3-4. Då vil debatten bevege seg eit lysår eller to i riktig retning.

Proklamedia har gjort det mogleg. Det er leit at politikarar ikke les kristne bøker. For våre forlag er framifrå. Og dei blir stadig fleire og betre, med Lunde og Hermon i spissen.

Og no tør dei også utfordre oss til å tenkje, til trusforsvar som apostelen seier er basis for erobringa av Europa. I brevet til den greske byen Korint seier Paulus, Europas grunnleggjar, kva som må til for at trua kan overta eit kontinent. Han seier følgande: Vi riv ned tankebygningar og alt stort og stolt som reiser seg mot kunnskapen om Gud.

Hanne Nabintu Herland gjev oss den raskaste og mest kontante innføringa i ideologisk krigføring. Etter krigen blei det sagt at samfunnet var avideologisert. Det var då den ideologiske snik-krigen mot kristendommen, mot Gud og mot familien, verkeleg starta.

Kulturmarxistane tok over meir og meir av staten og serverte sin ideologiske meny som reformer og menneskerettar. Men barna fekk ikkje leve – med dei «nye» menneskerettane.

Hanne Nabintu Herland er vår beste guide i ideologisk krigføring. På nesten kvar side er det informasjon. Ho viser i kapittel etter kapittel at ideologiar som ikkje veit at mennesket er ein syndar og at Gud er skapar, alltid ender i det totalitære.

 

SUBCRIBE TO OUR

WEEKLY NEWSLETTER

 

Every Friday you will receive a newsletter with the relevant articles that we have published during the week.

Fill in your email adress and press the button above!


Share the article

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

*

*

Social Media Auto Publish Powered By : XYZScripts.com