Home » Europe » Eritrea og norsk bistand brukt politisk, resultat: Flyktningbølge til Europa – Terje Tvedt til Dag og Tid
Eritrea og norsk bistand brukt politisk, resultat: Flyktningbølge til Europa – Terje Tvedt til Dag og Tid

Eritrea og norsk bistand brukt politisk, resultat: Flyktningbølge til Europa – Terje Tvedt til Dag og Tid

I fleire år har mange flyktningar til Noreg kome frå eit land som Noreg, og særleg naudhjelpsorganisasjonen til Den norske kyrkja, var med på å etablera, skriver professor Terje Tvedt i avisen Dag og Tid. 
Den 24. mai 1993 vart Eritrea ein sjølvstendig stat etter ein lang krig mot regjeringa i Etiopia. Det skjedde ikkje minst takk vera langvarig, løynd norsk støtte til den eritreiske motstandsrørsla, organisert av Kirkens Nødhjelp. Det norske utanriksdepartementet finansierte aksjonen med hundrevis av millionar av kroner.
I dei siste ti åra har det vore vanleg at Eritrea vert jamført med Nord-Korea som ein parianasjon. Eritreisk pass har lenge vore ein «gullstandard» i den internasjonale menneskesmuglinga, og Eritrea har i fleire år vore heilt i toppen over land det kjem flyktningar til Europa – og Noreg – frå.
Skal ein skjøna korleis det internasjonale gjennombrotet forma norsk historie, ja, skal ein i det heile fatta kva som skjedde i dei åra då Noreg møtte verda og tok på seg rolla som ei verdsmakt innanfor bistand og naudhjelp, og i dei same åra då verda kom til Noreg i form av flyktningar og migrantar frå land utanfor Europa, er Eritrea difor sentralt. Og det vert ikkje mindre viktig som nasjonal historie av at Noregs rolle i å skapa den nye staten, synest ukjend. Ingen talar om historia, eller ingen vil tala om henne.

Les hele den glitrende kronikken i Dag og Tid.

THE HERLAND REPORT WEB TV

- features leading intellectuals, activists, artists and writers on foreign policy, cultural decay, lifestyle and international justice. English and Scandinavian.

 

EXCLUSIVE MEMORANDUM ON LIBYA: 

Fabrications against the State, Leadership and Army – by Dr. Saif al-Islam Gaddafi

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

*

*