Home » Europe » Hijab er et radikalt islamistisk plagg som tilkjennegir at man er imot arabisk nasjonalisme og modernisme – Walid al-Kubaisi
Hijab er et radikalt islamistisk plagg som tilkjennegir at man er imot arabisk nasjonalisme og modernisme – Walid al-Kubaisi

Hijab er et radikalt islamistisk plagg som tilkjennegir at man er imot arabisk nasjonalisme og modernisme – Walid al-Kubaisi

Forfatter Walid al-Kubaisi er blant de få som både har inngående kunnskap om den muslimske verden, men også er villig til å snakke om hva som skjer bak “det muslimske sløret”. Personlig anser jeg Walid al-Kubaisi som Norges viktigste intellektuelle på temaet innvandring og hva som skjer bak fasaden i innvandrermiljøer både i Norge og i Midtøsten.

Han etterlyser i denne artikkelen kunnskap om de islamistiske drivkrefter i Midtøsten som har kjørt frem hijab som obligatorisk kvinneplagg de senere årene. Dette er gjort i opposisjon til arabisk nasjonalisme og modernisme, sier han.

Al-Kubaisi er godt kjent som dokumentarskaper og er mannen bak “Frihet, likhet og Det Muslimske Brorskap” som kom ut i 2010, der han avdekker den islamistiske bevegelsens målsetninger, som blant annet handler om å invadere og overta hegemoniet i Europa.

Jeg har i mange år betegnet al-Kubaisi som en profetisk røst i tiden, alt han sa i 2010 viste seg siden å skje under den såkalte arabiske våren, der islamistiske grupper tok makten i land etter land i Midtøsten – paradoksalt nok godt støttet av oss i Vesten. Venstreradikale Walid al-Kubaisi er født og oppvokst i Irak og var irakisk intellektuell før han flyttet til Norge.

Al-Kubaisi skriver:

“Statsminister Erna Solberg sa i nyttårstalen at vi må behandla hijabkledde kvinner godt. Eg meiner det same som statsministeren. Det er viktig å visa toleranse for menneske. Men eg meiner samstundes at vi har ei moralsk plikt til å kritisera bruken av hijab. Spørsmålet om hijab er betent, basert på sterke kjensler, men liten kunnskap.

“Men no vil eg forklara dette emnet etter beste evne. Og det er viktig å nemna at eg ikkje snakkar i favør av Merete Hodne, for eg kjenner ikkje henne. Og eg er ikkje imot Malika Bayan, for eg kjenner ikkje henne heller. Dei er mine medborgarar. Eg ønskjer dei begge alt godt.

Først vil eg seia at eg i boka Rasisme forklart for barn, som kom ut i 2001, sjølv forsvarte hijaben. Men seinare, etter islamismens frammarsj, innsåg eg at hijaben ikkje berre er ei anstendig klesdrakt som uttrykkjer at ein person er from, men han vert òg brukt som reiskap for forkynning av islam.

Tradisjonelle klede

I hundrevis av år har muslimske kvinner brukt tradisjonelle klede som dekkjer hår og kropp. Men Koranen, religionen, har ikkje kome med bestemte klesdrakter eller faste reglar om korleis kvinner bør kle seg. Berre at kvinner må dekkja brystet fordi kvinner før islam viste venleiken med å pynta seg og visa brystet.

Koranen har berre tre vers om kvinneklede. Desse tre versa kan tolkast på ulike vis: Somme meiner at kvinner må dekkja kroppen, andre tolkar same vers slik at kvinner berre må dekkja brystet, medan andre meiner at kvinner ikkje bør sjå menn og menn ikkje bør sjå kvinner.

Men i praksis var profeten Muhammed open for at kvinner ikkje dekkjer håret, og han tok med seg kvinner til krig og jihad.

Likevel har muslimske kvinner dekt hår og kropp. Dei brukte såkalla anstendige klede. Kvinner i Iran brukte shador. Når vi ser ei kvinne som har shador på seg, forstår vi at denne kvinna er ei muslimsk kvinne frå Iran. Shador signaliserer den iranske kulturelle og nasjonale tilhøyrsla.

Kvinner i Irak bruker abaya. Når vi ser ei kvinne som har abaya på seg, seier vi at ho er ei muslimsk kvinne frå Irak. For abaya er ei nasjonaldrakt i Irak og signaliserer ei kulturell og nasjonal tilhøyrsle.

Når vi ser ei kvinne med pusji på seg, seier vi at denne kvinna er ei muslimsk kvinne frå golf-landa. Har ei kvinne qaftan på seg, høyrer ho til marokkansk kultur.

I Afghanistan bruker kvinner burqa, i Tyrkia bruker kvinner sjal. Dei tradisjonelle klesdraktene signaliserer kvar du kjem frå kulturelt og nasjonalt.

Modernisering

Etter fyrste verdskrigen vart kulturen mange stader i Midtausten modernisert. Kvinner byrja å kasta sløret. Denne moderniseringa fekk ein motreaksjon. Det kom påbod om at kvinner måtte dekkja håret. Drakter som dekte hår og kropp, kalla dei hijab. Kvifor brukte dei ordet hijab, og ikkje andre ord om klesdrakta som til dømes khimar? Kvar kjem hijab frå?

Det har ei historie. Profeten Muhammed (Gud velsigna ham, og dykk òg) inviterte folk til ein bryllaupsfest i profetens hus. Han serverte folk mat. Dei unge muslimske mennene som var på festen, snakka med profetens koner, Aysha og Hafsa. Dei unge mennene åt og ville bli sitjande. Dei ønskte ikkje å gå heim att. Det var meir interessant å snakka med konene. Dette såra profeten.

Etter denne hendinga synte Gud seg, og i eit nytt vers i koranen gav profeten ordre om å laga eit forheng, å hengja ei gardin mellom menn og kvinner. På arabisk heiter gardina hijab.

Hijab vart brukt av kjende fridomskjemparar som skjellsord for kvinnas klesdrakt som dekkjer hår og kropp og isolerer henne frå samfunnet. Målet var å mobilisera muslimane mot klesdrakta som segregerte kvinnene.

To muslimske statsleiarar hadde moderniseringsprosjekt: Atatürk i Tyrkia og Resa Sjah i Iran. Dei prøvde begge å forby slør, tilsvarande mannlege hovudplagg og religiøse symbol. Men, i byrjinga av det tjuande hundreåret byrja også kvinnefrigjeringsrørsler å kasta sløret og kjempa for at kvinner skulle få innpass i utdanning og i lønsarbeid.

Atatürk i Tyrkia avskaffa kalifatet i 1924. Kalifatet er det teologiske regimet der ein kalif styrer landet.

Den muslimske
brorskapen

Fire år etter vart Den muslimske brorskapen stifta som ein reaksjon på denne moderniteten. Organisasjonen kom med ein ideologi som vil oppretthalda kalifatet og eit samfunn som er kjønnsdelt. Dei laga ei drakt som ikkje liknar andre, tidligare drakter. Dei brukte det som uniformering og symbol på ein ideologi. Dei brukte ordet hijab for å seia: «Hijaben som de modernitetsforkjemparar ser på som ein kjønnssegregeringsreiskap, denne hijaben står vi for.»

Ordet pakkis vart brukt av rasistar. Eg brukar ordet pakkis og svarting for å gjera orda ufarlege. Same tenkjemåten brukte islamistane om ordet hijab. Eit skjellsord om segregering vart brukte for å seia «Vi står for segregering. Vi er stolte av dette.»

Denne hijaben vart såleis ikkje berre ei klesdrakt som dekkjer kropp og hår, men eit politisk symbol. I Egypt, under president Sadats regjering, verva islamistane kvinner som kom frå landsbyane til Kairo for å studera. Desse kvinnene bar ei egyptisk, tradisjonell klesdrakt. Kvinnene som vart verva, kasta så den tradisjonelle drakta og byrja bruka hijab i Den muslimske brorskapen. Slik vart hijab eit symbol på forkynning, eit symbol på ei politisk rørsle og eit symbol på eit politisk system som styrer samfunnet med sharia-lova. Det var ikkje berre for å dekkja kropp og hår.

Islam og politikk

Islamistane seier: «Islam og politikk har frå byrjinga av vore tett fletta saman.» Dei seier at islam er éin pakke. Opnar du pakken, finn du politikk og religion. «Take it or leave it.»

Det vil seia at politikk og religion er sameint og ikkje kan skiljast frå kvarandre. Akkurat på same måten som når vi i Vesten, seier at menneskerettar er éin pakke. Ein kan ikkje skilja ytringsfridom frå religionsfridom, ein kan ikkje skilja demokratiet frå fridomen til individet. «Take it og leave it.»

Kvifor er hijaben så viktig for islamistane? Her må vi skilja mellom religionen islam og islamisme som politisk ideologi.

Den muslimske brorskapen er den fyrste islamistiske organisasjonen, og han kjempar mot nasjonalisme og modernisme i Midtausten. Hijaben vert her brukt som «våpen». Hijaben slettar alle kulturelle trekk og alle nasjonale trekk i islam. I dag kan vi ikkje sjå om ei kvinne som brukar hijab, kjem frå Irak, Pakistan, Irak, Iran eller Tyrkia. Å verdsetja kultur eller nasjon er like farleg for islamistar som å dyrka fleire gudar.

Kva er målet med å bruka denne hijaben? Då må vi læra litt om måten islamistane tenkjer på. Når nordmenn ser 50 innvandrarkvinner på gata, utan hijab og med vestlege klede, vil ein ikkje leggja merke til dei. Dei er akkurat som alle andre norske kvinner, kanskje berre med ein litt annan hudfarge.

Men når nordmenn møter 50 kvinner med hijab, vil det festa seg i nordmenns medvit at desse kvinnene er ulike dei sjølve, at dei eksisterer, at dei har ein religion, ein bodskap, at dei er sterke og at dei står for religiøse krav.

Religiøs tilhøyrsle

Mange norske forskarar seier noko anna. Dei seier, basert på samtalar med kvinner som brukar hijab i Noreg, at hijaben er eit symbol på religiøs tilhøyrsle. Men at hijaben berre er eit religiøst symbol, overtyder ikkje oss sekulære muslimar. Om hijaben er eit påbod, ville alle kvinner ha brukt hijab. Men moderate muslimar vel ei liberal tolking. Islamistiske og fanatiske muslimar vel strenge tolkingar som stadfestar bruk av hijab.

Linda Sarsour, Muslim Brotherhood-Hamas operative

Er Bayan islamist? Det veit eg ikkje. Det er irrelevant i saka. For å vita om ho er prega av det politiske islam, altså islamisme, må ein ha ein samtale med henne. Dei bileta ho har på nettet og i media, fortel at ho brukar ein hijab som verken signaliserer kulturell eller nasjonal tilhøyrsle. Ut frå bileta veit vi ikkje om ho er norsk, pakistansk, arabar eller persar, men hijaben hennar er eit signal på islamisme og sharia. Men det finst òg fotografi som viser det motsette når ho har på seg hijab med rosa farge. Kanskje kjenner ho ikkje til skilnaden.

Det som står for meg som eit mysterium, er kvifor ei religiøs, muslimsk kvinne som held seg til hijab, vel ein frisørsalong der menn kan koma og sjå håret hennar når ho vert klypt. Ingen teolog, ingen religiøs lærd, ingen imam i Oslo eller rundt i verda erkjenner ei slik åtferd som muslimsk.

Walid al-Kubaisi for Herland Rapporten.

THE HERLAND REPORT WEB TV

- features leading intellectuals, activists, artists and writers on foreign policy, cultural decay, lifestyle and international justice. English and Scandinavian.

 

EXCLUSIVE MEMORANDUM ON LIBYA: 

Fabrications against the State, Leadership and Army – by Dr. Saif al-Islam Gaddafi

One comment

  1. Kilde: http://www.frihetspartiet.net/index.php/muhammedanisme
    Kvinnen må ifølge Koranen kle seg anstendig uten at det skrives et eneste sted at hun også må dekke til håret. Hun må trekke sløret (khimar) over sine bryst i sura 24 vers 31, og for hustruene, profetens døtre og de troende er det en oppfordring for å vise sin tilhørighet til muhammeds lære og unngå trakassering av menn med å trekke kledningen (jilbab) om seg i sura 33 vers 59. Anstendig blir derfor opp til hver enkelt muhammedansk kultur å bestemme og dette er liknende regler som også finnes for jødiske og kristne land så det er ikke noe unikt med Koranen her. De fleste muhammedanske land krever at kvinnen dekker til håret med hijab som ikke er omtalt i Koranen og likner på hodelin + hakelin for gifte kvinner fra 1250 tallet, også tatt i bruk av enkelte katolske nonner for å vise at de er kirkens tjenere og ikke tilgjengelige for menn. Mange ulike varianter av hodeplagg både for menn og kvinner har blitt brukt i alle kulturer og noe spesifikt for muhammedanere fikk en ikke før hijab i moderne tid. Hijab er ifølge religionshistoriker Kari Vogt og religionsforsker Berit S. Thorbjørnsrud av de aller fleste som bærer det etter år 2000, et symbol for å vise sin tilhørighet til muhammedanismen. Ifølge Vogts artikkel i Store Norske Leksikon skrives det at “Korantekstene sier heller ikke uttrykkelig at nettopp hodeplagg er påbudt”. Det er mange som sprer løgner om at hijab er pålagt av troen pga. en avvikende korantolkning fra oversetter Muhsin Khan om at slør på Muhammeds tid ble brukt til å dekke alt moderne Hijab gjør + ansiktsdekke, noe som ikke bare blir helt feil kilde siden ansiktet også må dekkes her, men også pga. at det er praktisk umulig ifølge Ibrahim B. Syed, President, IRFI Islamic Research Foundation International, Inc. Kari Vogt bruker som de fleste i vesten ordet Islam om muhammedanisme og inkluderer åpenbart politikk i hennes ukjente definisjon av religion. Vogt hevder i TV2 intervjuet med Walid nevnt senere at “de aller fleste som bruker moderne hijab i Norge gjør dette av religiøse grunner fordi de vil vise sin tilhørighet til islam.”, samtidig som hun skriver at hijab ikke bare er en politisk uniform, noe som beviser at hun faktisk vet det også er symbol for politikk og dermed blir et ideologisk plagg. Siden denne ideologi beviselig inkluderer det politiske system sharia og som en svært viktig del, er Hijab i moderne versjon en ideologisk uniform for både politikk og religion (som per definisjon ikke kan inneholde politikk, fordi da ville all politikk blitt religion bare med å erklære at at Gud eksisterer som del av teksten noe alle kan gjøre). Det er kun en flertydig historie i Hadith Book 34, Hadith 85, English: Book 33, Hadith 4092 om at Muhammed antydet i et enkelt tilfelle at det ikke er anstendig for kvinner over pubertet alder å ikke dekke til alt annet enn det han måtte mene med å peke på egne hender og ansikt (om han mente hele hodet, ansikt og hake eller bare ansikt, og om anstendighet her kun er ment i den lokale kulturen siden Koranen ikke nevner noe som dette, blir en tolkningsak for forskere i historie). Hijab i dagens versjon var ikke i bruk før 1950 noe som beviser at det før den tid ikke var et kjent religiøst plagg pålagt av troen. Det ble innført av det “Muslimske brorskap” som hadde det politiske motiv å innføre sharia, og kom på moten først i 1979 etter den iranske revolusjon. Plagget som skiller seg tydelig fra skaut med å dekke området under haken er politisk shariauniform ifølge wikipedia og norsk-irakisk forfatter Walid al-Kubaisi i et TV2 intervju og tilhørende anerkjente dokumentar av samme person. I denne film intervjues Gamal al-Banna som kjenner bevegelsen Muslimbrødrene fra innsiden og er den yngste broren til Hassan al-Banna som er grunnleggeren av Det muslimske brorskap i 1928 i Egypt. Søsteren hans brukte ikke hijab selv om faren var teolog og broren Hassan ble den første lederen av Det muslimske brorskap. Gamal al-Banna hevder hijab er moderne fenomen og til Dokument 2 (tv2) sier han: “I Islam eller Koranen sies det ikke at kvinnen må tildekke håret sitt. Det finnes en tekst som sier at kvinner skal feste sløret så det dekker brystet, men ingenting om at håret skal dekkes”. Forsker Fikri Abdul Muttalib og ekspert på wahhabismen som er den grenen av muhammedanismen som dominerer Saudi-Arabia mener hijab brukes som et bevisst kontrollredskap, og at hensikten er å oppdra nye generasjoner med islamister. Til tv2 sier han: “Fra 1920-tallet til 70-tallet var det bare gamle kvinner eller kvinner med hårproblemer som brukte slør. På denne tiden så en egyptisk kvinne likedan ut som en kvinne i London, Paris, Europa eller Australia – og fulgte de samme motene og kleskodene. Hijaben og nikaben er en måte man kan herske over kvinnen på. Og hvis du har kontrollen over en kvinnes klesvaner, kontrollerer du også fremtidige generasjoner”. Ifølge en av verdens mest anerkjente universiteter Oxford har Hijab siden 1970 utviklet seg til et symbol for frivillig og aktiv deltakelse for unge kvinner i Islamist bevegelsen og på 1980 tallet som såkalt “Islamisk nasjonalisme” og motstand mot vestlig kultur. Islamist defineres på samme nettside som en politisk eller sosial aktivist. Dette plagget er derfor tilsvarende hakekors til nazister eller kjente røde flagg til marxister. Ifølge EUs øverste domstol vil en intern regel i en bedrift som forbyr synlig bæring av ethvert politisk, filosofisk eller religiøst symbol ikke innebære direkte diskriminering. Tidligere var det avgjort at både offentlige og private skoler ifølge menneskerettighetsdomstolen kan nekte folk å bære plagget innenfor disse områder. Hijab finnes i mannlig versjon som dekker kun øvre del av hodet. De som aksepterer dette plagget men ikke samtidig tilsvarende bruk av vanlige ikke-religiøse plagg som dekker samme deler av kroppen, har godtatt muhammedanismen som religiøs ideologi og er enten muhammedaner selv eller tilhenger av beslektede voldelige ideologier som f.eks. kommunisme eller gammeltestamentlige moselover.

    Juridisk: http://www.frihetspartiet.net/index.php/hijab-og-diskrimineringsloven

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

*

*